family-dinner1

Kom og spis!

Målet med "Kom og spis!" er å inspirere til tru på heimebane, i tillegg til å styrke relasjonane på tvers av generasjonane og vere eit lågterskeltilbod for nye menneske i kyrkja.

 

Kom og spis!

Volda Frikyrkje starta hausten 2010 opp eit nytt konsept som vert kalla ”Kom og spis!”. Familiekonsulent i FriBU Elin R. Torkildsen har vore med på å utvikle konseptet, som går ut på at ein har ein felles middag i kyrkja med tilhøyrande bibelvers og ord for dagen.  Her går ein gjennom bibelvers som kan brukast heime i veka som kjem. Dei har teke utgangspunkt i bibelleseringen sitt opplegg Vokse sammen, med Bibelen i familien. Målet med samlingane er å inspirere til tru på heimebane, i tillegg til å styrke relasjonane på tvers av generasjonane og vere eit lågterskeltilbod for nye menneske.

”Kom og spis!” vart starta med utgangspunkt i ei ressursgruppe som skulle arbeide med engasjert trusliv. Gruppa såg det som ei utfordring at ein sjeldan greier å samle alle i kyrkjelyden på tvers av alder, i tillegg ynskte dei eit auka fokus på tru på heimebane. Mange menneske er travle og har mange aktivitetar på timeplanen, dei ville difor ikkje skape enda ein aktivitet som kunne gjere folk stressa og timeplanen enda fullare. Men middag må alle ha! Difor tenkte gruppa at å lage eit måltidskonsept på eit tidspunkt då mange brukar tid på å lage og ete middag uansett kunne vere tingen å prøve. Og det ser ut til å ha falle i god jord hos mange. Middagsgjengen i Volda Frikyrkje har nytta tida sidan starten i september 2010 på å prøva seg fram, og det er for tidleg å konkludere med den ”perfekte” måten å gjere dette på. Men dei opplevde at folk ynskte opplegget velkommen, og at det vart ein pustepause i ein hektisk kvardag. Dei såg og potensialet til å utvikle dette vidare, til dømes for å meir aktivt invitere nye menneske inn i kyrkjelyden. Opplegget er kanskje særskilt eigna for å nå barnefamiliar, medan dei eldre i kyrkjelyden kan utfordrast til å vere med å drive det. Det kan difor vere ein fin ressurs til å bygge bru mellom generasjonane. Kom og spis! i Volda har foreløpig tatt ein pause grunna liten plass og for få folk til å drive det. Men no er kyrkja under utbygging, og dei ynskjer å kome sterkare tilbake i nye lokale etterkvart. Om din kyrkjelyd kan vere interessert i å prøve noko liknande finn du fleire tips og råd her du kan og gå inn på Volda frikyrkje sin Kom og spis! blogg: http://komogspismiddag.blogspot.com/

 

Last ned flere ressurset til "Kom og spis!"