Når vi observerer samfunnet rundt oss, vil vi kanskje konstatere at vi blir meir og meir egoistiske. Vi set oss sjølv og våre fyrst, og endar opp med lite plass til andre. Vi ser berre oss sjølve i spegelen.
Har du sett dei aukande statestikkane for einsamheit? Det er ikkje berre eldre som kjenner på dette, fleire og fleire barn og unge slit med utanforskap og einsamheit. Vi vil fort beskytte barn og unge for ubehagelege situasjonar, men vi må passe på at dei får utvikle seg og verte trygge i seg sjølv – lære å takle stress og nederlag. Vi må lære å heie på andre, og ta del i andre sine små og store seierar.
Vi må hjelpe dei til å kjenne på sin unike verdi. Skapt i Gudsbilde, uendeleg verdifull.
Dei ulike spegla
Sidespeglane i bilen:
Eg er ingen fersk sjåfør, men har 99,9 % av mi mengdetrening på bygda. Kor mykje eg brukar sidespeglane mine til kvardags er eg jammen ikkje sikker på. Eg brukar seie: “Eg har ikkje by-sertifikat”. Då er det litt artig at nokon spør seriøst tilbake, «å – eg visste ikkje at det var eit spesielt sertifikat”. Men, når eg ein gong i året er på storevegen med fleire felt og greier, veit eg at eg brukar sidespeglane mine ofte. Eg føler slett ikkje at eg har kontroll på situasjonen, og vil vere forberedt til å takle alt som kan kome uventa inn frå sida.
Ein arena utanfor komfortsona vi må utsette oss for, for å nå ut og inn i nye relasjonar. Men, senk skuldrane; tenk at det går bra, sjølv om det var skummelt og kanskje ikkje perfekt.
Bakspegelen:
Den har liksom blitt ein litt god vane, kjenner at den gjer meg trygg på at dette gjekk bra. Eg kan dobbelsjekke kva eg passerte. Eg har kontroll. Eller den hjelper meg å observere endringar i trafikken. «Oj, der ser eg blålys, eg må få slakka ned å kome meg ut til sida. Ja, eg har god nok tid og ro til å gjere val og plassere meg strategisk”
Kven og kva fekk mi oppmerksomheit på denne strekninga eg no passerte? Har eg tid og eit ønske om å bety ein forskjell for dei eg passerer på min veg? Sa eg “hei”?
Sladrespegelen:
Heeey, for eit negativt ord på ein fantastisk oppfinning. Den er heilt genial og burde vore plassert ut mange plassar for å skape enda større tryggheit. Spesielt i møte med dei mjuke trafikantane. Eg bur i ei gate som i dei siste åra (av naturlege årsaker) har fått behov for ein slik spegel. Vi vil at borna i vogn og på trehjulssykkel skal vere trygge i vårt nabolag.
Dei møta her framme, kan eg gjera noko no som vil gjere dei møta gode? Kva med dei sårbare familiane i mitt nabolag, eller på dei arenaene eg er, ser eg dei?
Spegel vi brukar under øvelseskøyring:
Ok, eg har gått til innkjøp av ein slik spegel. Eg og minstemann på 16 driv og «mannar oss opp» til å ta det i bruk, å kome oss ut på vegen i lag. Det krev litt mot av oss begge. Av erfaring er det godt å ha ein solid relasjon før ein startar på slikt.
Gi det vidare, på ein god og trygg måte. Gå i lag med nokon som har gått løypa før, lytt til andre, la andre få lene seg på deg. Vi treng ikkje fikse alt aleine.
Tivolispegel:
Du veit dei som får deg til å sjå ubeskriveleg morosam ut. Eller dei speglane på prøveromma i ein butikk som lyg deg slank, og du kjenner ikkje igjen buksa når du kjem heim. Eller dei «gode» sminke spegla som let alt kome for ein dag..
Det ekte og ærlege, kan vi vere slike spegl for kvarande?
Forstørrelsesspegelen:
Min gode venn, no når ein nærmar seg 50 år (eg let meg fascinere av vår skapar, som med alderen gir meg redusert syn, samtidig som uventa hårvekst i ansiktet dukkar opp).
Fokuset vårt, på det som er viktig. Ikkje heng oss opp i detaljar. Å være raus og inkluderande, by på seg sjølv, å ta seg sjølv uhøgtideleg. Det skape rom for eit autentisk klima som vi aller treng uavhengig av alder.
Speilbildet vårt er som sjølvbildet vårt
Eg trur vi må vere beviste på kva spegl vi speglar oss i, og korleis vi speglar andre. Spesielt i møte vårt med barn og unge, dei som held på å finne seg sjølv og sjølvbilde sitt. Alle møter med andre menneske er med på å påverke dette. Blikk, kommentarar, tid, ærlegheit, smil, tillit, osv.
Vi må vere beviste på kva spegl vi speglar oss i, og korleis vi speglar andre.
Speilbildet vårt er som sjølvbildet vårt. Eg tenkjer på sjølvbilde vårt som ei gåve frå Gud. For å kunne spegle andre og bygge sjølvbildet til neste generasjon, må vaksne også vere trygge vaksne med et sunt sjølvbilde. Dette blir forma heile livet.
Tenk om vi spegla oss i tilbakemeldingane, orda og tillita som vi har fått. At vi som er i kontakt med barn og unge, anten som foreldre, tenarar eller i barne og ungdomsarbeidet, spegla oss i Gud sin kjærleik til oss! Slik at vi i det små i kvardagen kan få spegle, og reflektere dette lyset vidare til neste generasjon og dei rundt oss. Det smittar. Då må vi sørge for at vi er tett på og tilstades. Vi må vere varme, autentiske vaksne som vil strekke oss litt utanfor komfortsona.
Kva ser du om du ser på deg i spegelen som forelder, venn, barne- og ungdomsleiar, nabo eller pastor?
Kanskje kan du gjere et tankeeksperiment å sjå det frå dei seks ulike spegla?
Er du sjølvkritisk og snakkar deg sjølv ned?
Husk, det er ein som ser det heile bilde. Han vi kan lite på, for vi ser berre stykkevis på vegen.
1.Kor 13:12
Nå ser vi i eit speil, i ein gåte
Da skal vi stå ansikt til ansikt
Nå forstår eg stykkevis
Da skal eg erkjenne fult ut
Slik Gud kjenner meg fult ut.
Å han får vi vere på lag med!
Så er det litt artig å tenke på at i Guds rike er alt kanskje spegelvent …